Today av Elvis Presley

Today
Studioalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1975
Innspelt 10.-12. mars 1975
RCA Studio C, Hollywood
Sjanger Countryrock
Lengd 34:15
Selskap RCA Records
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
Promised Land
(1975)
Today Elvis: A Legendary Performer Volume 2
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Rough Guides3/5 stars[2]

Today er eit studioalbum av den amerikanske musikaren Elvis Presley som vart gjeve ut 7. mai 1975 av RCA Records. Today vart spelt inn i RCA sitt Studio C i Hollywood i Los Angeles, 10.-12. mars 1975 og var siste gongen Presley var i studio. Den førre innspelinga hans i Studio C i Hollywood i var 1972, då han spelte inn gullplatene «Burning Love» og «Separate Ways». Denne gongen var Elvis 40 år gammal. Han hadde med seg den dåverande kjærasten Sheila Ryan. På FTD-utgåva av albumet frå 2005 bad Presley Sheila om «å kome opp her, la meg syngje til deg» på det første opptaket av Don McLean sin «And I Love You So». Han fortsette å spele «And I Love You So» og «Fairytale» på konsertane sine fram til han døydde. På scenen omtalte han ofte «Fairytale» som livssoga si.

Today innheld ein ny rockelåt, «T-R-O-U-B-L-E», som vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og gjekk inn på Topp 40 i USA. «Bringin' It Back» var den andre singelen i USA. Albumet inneheld songar av Perry Como, Tom Jones, The Pointer Sisters, Billy Swan, Faye Adams, The Statler Brothers og Charlie Rich.

«Green, Green Grass of Home» vart gjeven ut på singel i Storbritannia, der han nådde Topp 30, og vart òg spelt på radio i USA. Presley høyrte songen i 1967 då han køyrde med bussen sin attende til Memphis etter å ha laga ein film. Han høyrte den nye singelen til Tom Jones, «Green Green Grass of Home» for første gongen og elska han. Han fekk sin såkalla «Memphis Mafia» til å ringje den lokale radiostasjonen for å få dei til å spele songen om att og om att. Åtte år seinare spelte han inn sin eigen versjon.

  1. Allmusic review
  2. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 129. ISBN 1-84353-417-7. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne