Tombarthitt-(Y)

Tombarthitt-(Y) er eit sjeldant mineral med brunleg svart farge, originalskildra i 1968 frå ein granittpegmatitt ved Høgetveit i Evje, der det finst saman med keiviit-(Y). Det er vesentleg eit hydroksylhaldig silikat av yttrium. Det finst ofte i metamikt tilstand.

Det er kalla opp etter Thomas F. W. Barth.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne