Tommy Shaw | |||
Tommy Shaw med Styx den 2. juli 2010 i Memorial Park i Omaha i Nebraska | |||
Fødd | 11. september 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montgomery i Alabama i USA | ||
Fødenamn | Tommy Roland Shaw | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | Hardrock, progressiv rock, bluegrass, heavy metal | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | Styx, Damn Yankees, Shaw Blades, MSFunk, The Smoke Ring | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, vokalist |
Tommy Roland Shaw (fødd 11. september 1953) er ein amerikansk gitarist, songar, låtskrivar og artist mest kjend som frontmann og gitarist i rockebandet Styx. Innimellom periodane sine i Styx har han òg spelt i andre grupper, som Damn Yankees og Shaw Blades, i tillegg til at han har gjeve ut fleire soloalbum.
Shaw vart medlem av Styx i desember 1975, då han tok over for den originale gitaristen deira, John Curulewski. Det første albumet hans med Styx, Crystal Ball (1976), var kalla opp etter ein av songane hans.