Tonight av Iggy Pop

Tonight
Singel av David Bowie
frå albumet Tonight
B-side

«Tumble and Twirl»

Utgjeve November 1984
Innspelt Le Studio i Morin Heights, mai 1984
Sjanger Reggae
Lengd 3:43
Selskap EMI
EA187
Låtskrivar(ar) David Bowie, Iggy Pop
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Blue Jean»
(1984)
Tonight «This Is Not America»
(1985)


«Tonight» er ein song skriven av David Bowie og Iggy Pop for Iggy-albumet Lust for Life, som kom ut i 1977. Songen vart seinare spelt inn på nytt som tittelsporet for Bowie sitt Tonight.

Bowie spelte inn songen som ein duett med Tina Turner, i 1984 for det nye albumet, og gav han ut som singel. Albumet inneheldt òg to nye songar skrivne i lag med Pop (mellom anna B-sida til «Tonight»,«Tumble and Twirl») - noko enkelte meinte Bowie gjorde som ei teneste for venen sin, som på denne tida sleit økonomisk. Den originale muntlege introduksjonen frå versjonen i 1977 syner at teksten er til ein kjæraste som er i ferd med å døy av ein heroinoverdose. Denne delen vart fjerna frå Bowie sin versjon, som på dette viset endra tydinga av songen. Bowie hevda på denne tida at han ikkje ønskte å påføre denne teksten på TUrner, men det er meir truleg at han gjorde songen mjukare for å gjere han meir kommersiell.

Den reggae-aktige versjonen av songen vart rekna som ein stor flopp, og nådde berre 53. plass i Storbritannia, samstundes som albumet fall raskt på albumlista. Singelen nådde likevel førsteplassen i Polen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne