Tony Iommi

Tony Iommi

Iommi med Heaven & Hell i juni 2009
Fødd. missing required parameter 1=''månad''! 19. februar 1948 (77 år)
FødestadBirmingham i England
FødenamnAnthony Frank Iommi Jr.
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1964
Sjanger
Instrumentgitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somGitarist
BornToni-Marie Iommi
PrisarÆresordenen

Anthony Frank «Tony» Iommi[1][2] (fødd 19. februar 1948) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend for å ha vore med i det banebrytande heavy metal-bandet Black Sabbath frå starten av, og den einaste som har vore med i bandet heile tida.

Tony Iommi spelar venstrehendt gitar, og mista tidleg i karrieren sin fingertuppane på høgre hand. Men i staden for å leggje bort gitaren fann han på ein måte å lage «kunstige» fingrar. Denne inspirasjonen kom frå jazzgitaristen Django Reinhardt, som trass i handikappet med to forbrende fingrar på «gripe-handa» hadde revolusjonert gitarspelet og opparbeidd seg ein unik teknikk. Med sine mørke og blytunge gitarriff blir Iommi av mange rekna som far til metal-sjangeren. Før han vart medlem i Black Sabbath, var Iommi medlem av ei rekkje lokale bluesrock-band i Birmingham-område og prøvespelte ein gong for Jethro Tull, men dei valde Martin Barre i staden.

Tony Iommi har òg spelt inn fleire soloalbum. Han har òg vore med i Rock Aid Armenia og laga The Earthquake Album. Då Queen-vokalisten Freddie Mercury døydde, vart han invitert til å spele i Freddie Mercury Tribute, der både Metallica, Extreme, Elton John og Guns N’ Roses deltok.

Han er frå 2006, som medlem av Black Sabbath, innvotert i Rock and Roll Hall of Fame. Han vart i 2011 ranka som nummer 86 på «Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene».[3]

I januar 2012 vart det kjend at Iommi hadde lymfom.[4]

  1. «Black Sabbath Online: Tony Iommi Biography». Web. Henta 15. september 2012. 
  2. «Tony Iommi Diskografi at Discogs». Web. Henta 15. september 2012. 
  3. Rolling Stone – Tommy Iommi
  4. «Black Sabbath gitarist Tony Iommi fighting cancer». The Telegraph. 9. januar 2012. Henta 15. september 2012. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne