Toralf Engan | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. oktober 1936 (88 år) Meldal kommune |
Yrke | skihoppar |
Toralf Engan på Commons |
Toralf Engan (fødd 1. oktober 1936) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hølonda i Melhus. Han vart i 1962 verdsmeister i normal bakke. I 1962/63 vann han den tysk-austerrikske hoppveka samanlagt, etter å ha vunne tre av dei fire renna. Engan vart olympisk meister i stor bakke under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og vann dessutan sølvmedalje i normal bakke.
I 1962 vart Engan tildelt Morgenbladets Gullmedalje og Holmenkollmedaljen. Han vart i tillegg kåra av norske sportsjournalistar til Årets idrettsnamn. Etter OL i 1964 fekk han òg Fearnleys olympiske ærespris.
Engan var medlem i Idrettslaget Leik.