Torpo stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Ål | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Hallingdal | ||
Sokn | Torpo | ||
Fellesråd | Ål | ||
Periode | mellomalderen | ||
Arkitekt | Torolf | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | ca. 1160 | ||
• Vigd til | Den heilage Margareta | ||
• Endringar | Koret utvida, mellomalderen. Koret rive, 1880. | ||
Stopul | riven | ||
![]() Torpo stavkyrkje 60°39′51″N 8°42′30″E / 60.66413889°N 8.70841667°E | |||
Wikimedia Commons: Torpo stavkirke |
Torpo stavkyrkje er ei mastestavkyrkje på Torpo i Ål kommune i Hallingdal i Buskerud fylke. Kyrkja har heva midtrom og er av same type som Borgund stavkyrkje i Lærdal (borgundtypen). Men i motsetnad til Borgund stavkyrkje står Torpo stavkyrkje no utan kor og utan svalgangar kring sjølve kyrkjerommet (skipet). Ei ny kyrkje i laftekonstruksjon med bordkledning, teikna av arkitekt F. von der Lippe, vart reist i 1880 rett nord for stavkyrkja.
Stavkyrkja på Torpo er den einaste stavkyrkja frå mellomalderen i Hallingdal som er teke vare på der ho vart bygd, og er den eine av dei to stavkyrkjene frå mellomalderen i dalen som er att. Den andre, Gol stavkyrkje, står no på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Ein kopi av Gol stavkyrkje er bygd på ei tomt i nærleiken av Pers Hotell på Gol, som er langt unna tomta der Gol stavkyrkje stod.