Toto | |||
| |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Periode | 1976- | ||
Aktiv | 1977–2019 | ||
Sjanger | Rock, pop, progressiv rock | ||
Plateselskap | Sony BMG, Columbia Records | ||
Medlemmer | Steve Lukather David Paich Joseph Williams Steve Porcaro | ||
Tidlegare medlemmer | Jeff Porcaro David Hungate Fergie Frederiksen Jean-Michel Byron Simon Phillips Mike Porcaro Greg Phillinganes Bobby Kimball |
Toto er ei amerikansk rocke-, pop- og proggruppe som hadde størst kommersiell suksess på 1980-talet. Gruppa blei forma av nokre av dei mest vidgjetne og erfarne studiomusikarane på det seinare 70-tal. Debuten med det sjølvtitulerte albumet Toto i 1978 førte dei rett inn spekteret av populær rock på den tida. Med utgjevinga Toto IV oppnådde dei i endå større grad både journalistisk og kommersiell suksess, og blei eit av dei mestseljande banda på den tida. Sjølv om populariteten i USA har minska dei siste tiåra, har den heldt stand i Europa og andre delar av verda. Bandet har i alt gitt ut 17 album og seld over 30 millionar album. Dei er kjende for slagerar som «Hold the line», «Rosanna» og «Africa», og dekkjer elles fleire ulike musikksjangrar; mellom anna pop, rock, funk, prog og jazz.