Touch Me Singel av The Doors frå albumet The Soft Parade | ||
B-side |
«Wild Child» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1968 | |
Innspelt | Hausten 1968 | |
Sjanger | Symfonisk rock | |
Lengd | 3:11 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | Robby Krieger | |
Tekstforfattar | Robby Krieger | |
Låtskrivar(ar) | Robby Krieger | |
Produsent | Paul Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«Hello, I Love You» (1968) |
Touch Me | «Wishful Sinful» (1969)
|
«Touch Me» er ein song av The Doors frå albumet deira The Soft Parade frå 1969. Han var skriven av Robby Krieger, og riffet var inspirert av The Four Seasons sin «C'mon Marianne». Songen er kjend for at det vert nytta mykje blåseinstrument og strykarar (inkludert ein mektig saksofonsolo av Curtis Amy). Det var òg ein av dei mest populære singlane til bandet.
Han vart gjeven ut som singel i desember 1968 og nådde 3. plass på Hot 100 og førsteplassen på Cashbox-listene i USA. Singelen gjorde det òg godt andre stader og gjekk til topps i Canada og nådde 10. plass i Australia. Singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.