Toulouse Street Studioalbum av The Doobie Brothers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juli 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood og Wally Heider Studios i San Francisco | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:33 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
The Doobie Brothers (1971) |
Toulouse Street | The Captain and Me (1973)
|
Singlar frå Toulouse Street | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Great Rock Diskografi | 6/10[4] |
MusicHound Rock | 3.5/5[5] |
Rolling Stone | (positiv)[6] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Toulouse Street er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 1. juli 1972 på Warner Bros. Records.
Det var det første albumet deira med den nye bassisten Tiran Porter og den andre trommeslagaren Michael Hossack, som vart henta inn for å utfylle trommeslagaren John Hartman, slik at dei no hadde to trommeslagarar samstundes.
Toulouse Street er namnet på ei gate i French Quarter i New Orleans. Bileta på plateomslaget og innsida av omslaget er tekne frå eit tidlegare bordell på Toulouse Street.
Albumet inneheld hittane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright», og vart gjennombrotet deira då det kom ut i juli 1972. I samarbeid med manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, gav bandet ut eit meir polert og eklektisk album. Pianisten Bill Payne frå Little Feat spelte klaverinstrument med bandet for første gongen og starta eit samarbeid som kom til å vare mange tiår. Han var òg ei kort stund, to veker, på turné i lag med bandet tidleg i 1974.[8]
Allmusic skreiv om albumet: «Toulouse Street har faktisk ein ganske lik stil fleire stader som det Eagles gjorde på same tid, utanom at The Doobies kasta litt jazz og R&B inn i miksen, i tillegg til country, folk og bluegrass. Dei to singlane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright» representerte berre toppen av isfjellet i forhold til kva gruppa hadde å tilby. Johnston sin «Rockin' Down the Highway» syner eit band som arbeider på eit høgare gir og flyttar seg inn i Creedence Clearwater Revival-territoriet, medan «Mamaloi» var Patrick Simmons sin tilbakelente karibiske idyll, medan tittelsporet (òg av Simmons) er ein stemningsskapande, vakker ballade. Bandet går over til swamprock for «Cotton Mouth» og tek ein venstresving inn i Mississippideltaet for ein versjon av Sonny Boy Williamson II sin «Don't Start Me Talkin'», før dei går over i gospelmodus med «Jesus Is Just Alright». Den nesten sju minuttar lange Johnston-songen «Disciple» var den typen høgtflygande, bluesaktige hardrocksong som førte til at gruppa vart samanlikna med The Allman Brothers Band.»[1]