Toventunnelen

66°4′43″N 13°5′17″E / 66.07861°N 13.08806°E / 66.07861; 13.08806

Tunnelinnslaget ved Brattlia i Drevja

Toventunnelen er ein 10,7 km lang vegtunnel på fylkesveg 78 i Nordland mellom Leirfjord og Vefsn kommunar. Tunnelen vart opna 22. november 2014.[1] Tunellen går gjennom fjellet Toven, mellom Leirosen i Leirfjord og Brattlia i Drevja. Det er den lengste tunnelen i Nord-Noreg, og avløyste ei lite framkommeleg strekning av fv 78, med særs dårleg standard.[2]

  1. Byggfakta: Snart åpner Nord-Norges lengste tunnel
  2. Fakta Statens vegvesen, arkivert frå originalen 17. mai 2014, henta 30. desember 2014 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne