Tower Bridge

Tower Bridge

Typeklaffebru, stålbru, vegbru, turistattraksjon, hengebru
Opna30. juni 1894
StrekningLondon Inner Ring Road
Lengd244 meter
Høgd65 meter
Fri høgd8,6 meter, 42,5 meter
Største spenn270 fot
KryssarThemsen
Materialestål, granitt, betong
ArkitektHorace Jones
Kart
Tower Bridge
51°30′20″N 0°04′31″W / 51.505555555556°N 0.075277777777778°W / 51.505555555556; -0.075277777777778

Tower Bridge er ei bru i London i England. Ho ligg i nærleiken av Tower of London, noko som har gitt henne namnet sitt. Brua blir nokre gonger feilaktig omtalt som London Bridge, som faktisk er ei anna bru, ikkje langt unna.

Brua blei bygd som følgje av økonomisk vekst i East End-området på 1800-talet. Grunnen til at den blei ei klaffebru var at ein ikkje måtte forhindra skipstrafikken. Klaffane blei opphavleg drivne av seks dampmaskinar og kunne bli løfta på eitt minutt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne