51°30′28.854″N 0°4′33.748″W / 51.50801500°N 0.07604111°W
Tower sett over Themsen. Foto: Steve F-E-Cameron | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 12. sesjon i 1988. Referansenr. 488. | |||
Kriterium: | KULTUR (II)(IV) | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Europa | ||
Bakgrunnsstoff | Her Majesty's Royal Palace and Fortress of The Tower of London ved unesco.org |
Tower of London eller berre Tower er ei borg i London, på den nordlege breidda av Themsen. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm erobraren. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.
Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i området Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høg status. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronjuvelane vert oppbevarte og viste fram.