Tranefuglar | |
Gråkrontrane Balearica regulorum Foto: Becky Matsubara
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av tranefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Infraorden: | Tranefuglar Tetanurae Bonaparte, 1854 |
Tranefuglar (Gruiformes) er ein biologisk orden med over 150 fugleartar samla i fem familiar. Artane er morfologisk mangfaldige med geografisk spreiing.
Tradisjonelt har Gruiformes samla ei rekkje vadefuglar og terrestriske familiar som ikkje synast å passe inn i andre ordenar. I ein kjerne kjem 14-15 artar av store traner, over 130 artar mindre rikser, samt familiar med ein til tre artar som symjeriksene, og trompetfuglane. Ei rekkje andre fuglar har vore plassert her mest av omsyn til ein plass å ha dei, dette har ført med seg at den utvida ordenen Gruiformes har mangla karakteristisk apomorfi. Nyare studiar indikerte at desse sære medlemmene ikkje var knytt til traner og andre kjerneartar i ordenen. Derfor har mesittar og trappar vorte løfta til sine eigne respektive biologiske ordenar, springvaktlar er sett inn i Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar. [1] [2]