Trans-Europe Express Studioalbum av Kraftwerk | ||
Språk | tysk | |
Utgjeve | Mars 1977 | |
Innspelt | 1976 ved Kling Klang Studio i Düsseldorf i Tyskland | |
Sjanger | Elektronisk | |
Lengd | 42:45 | |
Selskap | Kling Klang | |
Produsent | Ralf Hütter, Florian Schneider | |
Kraftwerk-kronologi | ||
---|---|---|
Radio-Activity (1975) |
Trans-Europe Express | Die Mensch-Maschine (1978) |
Singlar frå Trans-Europe Express | ||
|
Trans-Europe Express (tysk Trans Europa Express) er det sjette studioalbumet av det tyske electronicabandet Kraftwerk. Det vart spelt inn i midten av 1976 i Düsseldorf i Tyskland og kom ut i mars 1977 på Kling Klang Records. Kritikarane hevdar albumet har to spesifikke tema: ei hyllest av Europa og skilnadane mellom røyndom og bilete. Musikalsk er songane på albumet noko forskjellig frå den tidlegare krautrockstilen med fokus på elektroniske mekaniserte rytmar, minimalisme og stundom manipulert vokal.
Trans-Europe Express nådde 119. plass på albumlista i USA og vart med på kritikarlista til Village Voice, Pazz & Jop i 1977. Det vart gjeve ut to singlar frå Trans-Europe Express: «Trans-Europe Express» og «Showroom Dummies». Albumet har sidan vorte gjeve ut i fleire format og vert framleis hylla av kritikarar som eit av dei beste og mest inspirasjonsrike albuma i 1970-åra.