Transparency International | |||
![]() | |||
Type | eingetragener Verein | ||
---|---|---|---|
Skipa | 9. februar 1993 | ||
Hovudkontor | Berlin | ||
Leiar | François Valérian | ||
Verkeområde | verdsfemnande | ||
Omsetjing | 23 671 935 euro (2018) ![]() | ||
Nettstad | https://www.transparency.org ![]() |
Transparency International er ein organisasjon som vart etablert i 1993 med føremål å kjempe mot korrupsjon. Organisasjonen publiserer mellom anna den kjende CPI-målinga, som rangerer landa i verda etter korrupsjonsnivå. Transparency International har hovudkontor i Berlin og avdelingar i over 90 land.
Mykje av arbeidet til organisasjonen går ut på å setje korrupsjon på den internasjonale dagsordenen, mellom anna ved produksjon av rapportar og rangeringar. Organisasjonen arbeider også som pressgruppe nasjonalt og internasjonalt, og forsøkjer å påverke innhaldet i lover og traktatar.[1]
Organisasjonen vert hovudsakleg finansiert av støtte frå bistandsdepartement i ulike land, og av donasjonar frå stiftingar.[2]