Treat Her Right av Roy Head

Treat Her Right
Singel av Roy Head and the Traits
Utgjeve 1965
Sjanger Soul
Lengd 2:04
Selskap Back Beat
Låtskrivar(ar)
  • Roy Head
  • Gene Kurtz

«Treat Her Right» er ein soulsong skriven av Roy Head og Gene Kurtz. Han vart spelt inn av Head and The Traits i 1965. Songen nådde andreplassen i USA på både pop- og R&B-lista til Billboard.[1] The Beatles-songen «Yesterday» hindra «Treat Her Right» frå å nå toppen av Billboard Hot 100. Medlemmar av The Traits som spelar på denne songen er Johnny Clark på sologitar, Frank Miller på rytmegitar, Gene Kurtz på bass, Dan Buie på klaverinstrument, Danny Gomez og Tommy May på tenorsaksofon, Johnny Gibson på trompet og Jerry Gibson på trommer.

«Treat Her Right» vart spelt inn i Gold Star Studios (seinare kjend som SugarHill Recording Studios) i Houston.

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 250. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne