Trening er systematisk oppøving av særskilde evner og eigenskapar med det mål å kunne yte betre innanfor eit felt, eller for å halde yteevna ved like. Med «trening» meiner ein ofte fysisk trening, som har som mål å endra (som regel forbetra) dei fysiologiske (fysiske), psykiske og sosiale eigenskapane til ein organisme (t.d. menneskekroppen).
Innan yrkesopplæring er trening i ulike teknikkar og i handsaming av til dømes maskiner og verktøy ein viktig del av opplæringa ved sida av den boklege lærdommen. For personar som har fått nedsett yteevne på grunn av sjukdom eller ulukker, som slag eller trafikkulukker, kan fysisk og mental trening gjere at dei på tross av skadane kan kome attende i god vigør.