Trogonar | |
Hindutrogon, Harpactes fasciatus, hannfugl Foto: Subramanya CK
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av trogonar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Trogoniformes |
Familie: | Trogonar Trogonidae Lesson, 1828 |
Trogonar og ketsalar utgjer familien Trogonidae, einaste familien i ordenen Trogoniformes. Beste kjenneteikn på artar i familien er at dei har eit arrangement av tærne som ingen andre dyr: tå nummer tre og fire peikar framover, medan nummer ein og to peikar bakover. Ordet 'trogon' kjem frå gresk språk og tyder 'biting' og refererer til det at trogonar gneg ut hòl i tre til reirplass.
Trogonar har spreitt seg til tropisk skog i heile verda, med størst mangfald i Sentral- og Sør-Amerika. Slekta Apaloderma inneheld dei tre afrikanske artane, og genus Harpactes og Apalharpactes inneheld dei i Asia. Alle andre slekter er neotropiske.
Dietten består av insekt og frukt, breitt nebb og veike bein ymtar om dietten åt fuglane og liv i skogshabitat. Sjølv om dei er raske i lufta unngår dei å flyge lengre strekk. Dei er vanlegvis standfuglar, likevel kan somme artar flytte seg rundt lokalt.
Trogonar har mjuke, ofte fargerike, fjør. Kjønna har ulike fjørdrakter. Reira ligg i hòl i tre eller i termittuer, det er 2 til 4 kvite eller pastellfarga egg i kvart kull.
Dei seks artane i slektene Pharomachrus og Euptilotis blir kalla 'ketsalar'.