Trollstigen | |||
veg | |||
Trollstigen i 2015.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Fylkesveg 63 | ||
Trollstigen 62°27′25″N 7°40′24″E / 62.45694444°N 7.67333333°E | |||
Wikimedia Commons: Trollstigen |
Trollstigen (også kalla Trollstigvegen eller berre Stigen) er ein del av fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63) i Rauma kommune i Romsdalen i Møre og Romsdal. Vegen med elleve hårnålssvingar i ei bratt fjellside utgjer ein stor del av fjellovergangen til Sylte i Norddal kommune. Trollstigen går frå Knutsetra i Isterdalen til Stigrøra (700 moh.), medan sjølve fjellovergangen fortset over Alnesreset (høgaste punkt 850 moh.) over Slettvikane til setra Øvstestølen i Valldalen. Trollstigen inngår i den 106 km lange nasjonale turistvegen frå Langvatn på Strynefjellet til Sogge bru i Romsdalen.[1] Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg.[2]
Vegen er vinterstengd mellom garden Langdal i Valldalen og Isterdalen, normalt frå seint i oktober til siste del av mai.[3] Vegen har ei stigning på opp mot 10 %. I høgsesongen passerer på det meste 3000 køyretøy på ein dag, medan gjennomsnittet for juli 2012 var 1860 køyretøy dagleg. I juni, juli og august 2012 passerte til saman 130 000 køyretøy.[4][5][6]
Området er verna som del av Trollstigen landskapsvernområde.[7] Vernet omfattar fjellområde i både Rauma og Norddal kommunar. Ved Trollstigen er høgfjellet vest for fylkesveg 63 (kring Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga) del av landskapsvernet. I tillegg er høgfjellet aust for fylkesveg 63 (Trolltindane, Stigbotnhorn, Alnesdalen og Langfjelldalen) del av Reinheimen nasjonalpark.