Trollstigen

Trollstigen
veg
Trollstigen i 2015.
Land  Noreg
Del av Fylkesveg 63
Kart
Trollstigen
62°27′25″N 7°40′24″E / 62.45694444°N 7.67333333°E / 62.45694444; 7.67333333
Wikimedia Commons: Trollstigen
Trollstigen i 2012.

Trollstigen (også kalla Trollstigvegen eller berre Stigen) er ein del av fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63) i Rauma kommune i Romsdalen i Møre og Romsdal. Vegen med elleve hårnålssvingar i ei bratt fjellside utgjer ein stor del av fjellovergangen til Sylte i Norddal kommune. Trollstigen går frå Knutsetra i Isterdalen til Stigrøra (700 moh.), medan sjølve fjellovergangen fortset over Alnesreset (høgaste punkt 850 moh.) over Slettvikane til setra Øvstestølen i Valldalen. Trollstigen inngår i den 106 km lange nasjonale turistvegen frå Langvatn på Strynefjellet til Sogge bru i Romsdalen.[1] Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg.[2]

Vegen er vinterstengd mellom garden Langdal i Valldalen og Isterdalen, normalt frå seint i oktober til siste del av mai.[3] Vegen har ei stigning på opp mot 10 %. I høgsesongen passerer på det meste 3000 køyretøy på ein dag, medan gjennomsnittet for juli 2012 var 1860 køyretøy dagleg. I juni, juli og august 2012 passerte til saman 130 000 køyretøy.[4][5][6]

Området er verna som del av Trollstigen landskapsvernområde.[7] Vernet omfattar fjellområde i både Rauma og Norddal kommunar. Ved Trollstigen er høgfjellet vest for fylkesveg 63 (kring Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga) del av landskapsvernet. I tillegg er høgfjellet aust for fylkesveg 63 (Trolltindane, Stigbotnhorn, Alnesdalen og Langfjelldalen) del av Reinheimen nasjonalpark.

  1. Geiranger - Trollstigen - Nasjonale turistveger, arkivert frå originalen 3. august 2014, henta 29. desember 2011 
  2. http://www.dagsavisen.no/innenriks/article267375.ece Arkivert 2021-03-23 ved Wayback Machine. besøkt 29. desember 2011
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. januar 2012, henta 19. januar 2012 
  4. Sunnmørsposten 24.september 2012.
  5. Romsdals Budstikke Arkivert 2014-05-06 ved Wayback Machine. 24.september 2012, lese på nett 4. oktober 2012.
  6. NRK nyheter på nett http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8255020
  7. Forskrift om verneplan for Reinheimen, vedlegg 4. Vern av Trollstigen landskapsvernområde 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne