Trond Einar Elden | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1970 (55 år) Namdalseid kommune |
Idrett | kombinert, langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Nordic combined at the 1992 Winter Olympics – team, Ski-VM 2003 |
Utmerkingar | Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten |
Trond Einar Elden (fødd 21. februar 1970) er ein norsk tidlegare kombinert- og langrennsløpar frå Namdalseid som representerte Strindheim Idrettslag. Under VM på ski i Lahti i 1989 vart han den yngste verdsmeister i kombinert nokon gong, to dagar før han fylte 19 år. I same meisterskapen vann han også VM-gull i øvinga for lag. Elden tok bronsemedaljen i kombinert under VM i 1993, og fekk elles med seg eitt OL-sølv for lag i 1992, og to VM-sølv i same (1993 og 1999). Han vart norsk meister i kombinert same året som han vart verdsmeister, sidan vann han fem sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i kombinert-NM.
Elden hadde sin store styrke i langrennsløypa, og dei siste åra som aktiv idrettsutøvar satsa han på sprinttevlingane i langrenn. Bård Jørgen Elden er ein eldre bror.