Trondheim katedralskole | |||
![]() | |||
Grunnlagd | 1152 | ||
---|---|---|---|
Kommune | Trondheim kommune | ||
Nettstad | http://www.trondheim-katedral.vgs.no/ | ||
![]() Trondheim katedralskole 63°25′43″N 10°23′46″E / 63.4286°N 10.3961°E |
Trondheim katedralskole er ein vidaregåande skole som ligg mellom Torget og Nidarosdomen i Trondheim sentrum. Skolen er den eldste i Noreg. I dag tilbyr han undervisning i fire utdanningsprogram: studiespesialisering, International Baccalaureate, musikk/dans/drama og media og kommunikasjon.
Skolen er første gongen nemnd i Soga om Håkon Håkonson då kongen var vald til konge på Øretinget i april 1217. Skolen feira derfor eit 700-års jubileum 26. april 1917. Skolen feira eit 800-årsjubileum i 1952 i høve 800-jubileet for erkebispesetet i Nidaros sidan ein rekna med at det på dette tidspunkt var organisert undervisning i regi av bispesetet.