Trygve Lie | |||
![]() | |||
Fødd | 16. juli 1896 Grünerløkka, Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 30. desember 1968 (72 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja, Den norske kyrkja | ||
Yrke | politikar, diplomat, jurist, advokat | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Hjørdis Jørgensen | ||
Barn | Sissel Lie | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences | ||
Verv | Generalsekretær for SN 1946-1952 | ||
Føregangar | Gladwyn Jebb (fungerande) | ||
Etterfylgjar | Dag Hammarskjöld | ||
Verv | Norsk justisminister i Noreg 1935-1939 | ||
Føregangar | Arne Sunde | ||
Etterfylgjar | Terje Wold | ||
Verv | Norsk utanriksminister 1940-1946 | ||
Føregangar | Halvdan Koht | ||
Etterfylgjar | Halvard Lange | ||
Verv | Norsk industriminister 1963 | ||
Føregangar | Kjell Holler | ||
Etterfylgjar | Kaare Meland | ||
Verv | Norsk industriminister 1963-1964 | ||
Føregangar | Kaare Meland | ||
Etterfylgjar | Karl Trasti | ||
Alle verv |
|
Trygve Halvdan Lie (16. juli 1896–30. desember 1968) var ein norsk politikar. Frå 1946 til 1952 tente han som den fyrste valde generalsekretæren for Dei sameinte nasjonane. Han var i ein periode partisekretær i Arbeidarpartiet, i tillegg til at han hadde ulike regjeringspostar opp gjennom karrieren.
Den internasjonale politiske erfaringa han fekk, både som utanriksminister i eksil i London og som generalsekretær i SN, var uvanleg for norske politikarar på den tida.