Trysil kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Innbygda | ||
Areal | 3 014 km² | ||
• land | 2 957 km² | ||
• vatn | 57 km² | ||
Folketal | 6 566 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Erik Sletten (Sp) | ||
Kommunenr. | 3421 | ||
![]() Trysil kommune 61°18′36″N 12°18′54″E / 61.31°N 12.315°E | |||
Wikimedia Commons: Trysil | |||
Nettstad: www.trysil.kommune.no |
Trysil er ein kommune i Hedmark i Innlandet fylke med omkring 7000 innbyggjarar. Han grensar i nord til Engerdal og Rendalen, i vest til Åmot, og i sørvest mot Elverum og Våler. Den austre delen av kommunen er ei utbuling mot Sverige, slik at Sverige der omgir kommunen både i nord, aust og sør.
Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringane, og Trysil er dessutan Noregs elgkommune, med 1000 elg felt i 2002.
Det største skianlegget i Noreg, Trysilfjellet, ligg i Trysil kommune. Skisporten har stått sterkt i Trysil og kommunen har fostra mange store skilauparar. Kommunevåpenet er pryda av to skistavar med tradisjonelle trinser.
Trysil hadde eige ordførarval i 2003. Ole Martin Norderhaug fekk 59,9 % av stemmene og vart vald til ordførar.