Tsjetsjensk

Tsjetsjensk
Нохчийн мотт
Klassifisering Dagestansk
 Nakh-språk
  Tsjetsjensk-ingusjisk
   Tsjetsjensk
Bruk
Tala i Russland
Område Tsjetsjenia
Tsjetsjensktalande i alt 1 355 000[1]
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet (offisielt)
Offisiell status
Offisielt språk i Tsjetsjenia
Språkkodar
ISO 639-1 ce
ISO 639-2 che
ISO 639-3 che
Wikipedia på tsjetsjensk

Tsjetsjensk er eit dagestansk språk som blir snakka av om lag 1 355 000 menneske i Russland.[1] Det blir for det meste snakka i republikken Tsjetsjenia, men også av tsjetsjenarar andre stader.[2] Tsjetsjensk er eit offisielt språk i Tsjetsjenia saman med russisk, og blir skrive med det kyrilliske alfabetet.

Tsjetsjensk er det største av dei tre nakh-språka, det nest største er ingusjisk. Det er berre ingusjisk og tsjetsjensk som er innbyrdes forståelige; batsisk, det tredje språket, er litt fjernare beslekta.

  1. 1,0 1,1 Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010
  2. Ethnologue-rapport for tsjetsjensk

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne