Tubular Bells III Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 31. august 1998 | |
Innspelt | Ibiza (desember 1996 til mars 1998) London (april 1998 til juni 1998) | |
Sjanger | New-age, progressiv rock, elektronisk, chill out | |
Lengd | 46:36 | |
Selskap | Warner Music UK | |
Produsent | Mike Oldfield | |
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Voyager (1996) |
Tubular Bells III | Guitars (1999)
|
Singlar frå Tubular Bells III | ||
|
Tubular Bells III er det 18. studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1998 av Warner Music UK. Det var ein oppfølgjar til Tubular Bells frå 1973 og Tubular Bells II frå 1992, og kom ut i høve 25-årsjubileet til det første Tubular Bells-albumet.
Oldfield skapte albumet då han budde på Ibiza, og har sagt at inspirasjonen for somme av dei elektroniske elementa kom frå musikkstilane han høyrde på barane og klubbane på øya.[1]
I motsetnad til Tubular Bells II, har ikkje Tubular Bells III eit mønster frå dei to stykka frå originalen, men refererer i staden til noko musikk frå dette albumet.[2] Til dømes refererer «The Source of Secrets» til «Introduction»-delen på originalalbumet,[3] og «Far Above the Clouds» refererer til «Finale» av «Tubular Bells (Part One)».[1]