Tune er eit tidlegare prestegjeld og ein tidlegare kommune i Østfold fylke. Tune heradskommunen vart oppretta 1837 og avvikla frå nyår 1992. Rådhuset låg i Grålum.
Byen Sarpsborg vart skilt ut frå Tune i 1839. Varteig kommune vart frådelt Tune i 1861 og Rolvsøy kommune vart frådelt Tune herad i 1911.
1. januar 1992 vart Tune kommune med 18 288 ibuarar og 139 km2 slått sammen med kommunane Sarpsborg, Skjeberg og Varteig til den nye Sarpsborg kommune.
Tune har ei mengd fornfunn, gravhaugar og bautasteinar. Særleg kjent er Tunesteinen. I sjuårskrigen vann den norske hæren ein strid i Tuneskogen.