Tunguskahendinga var ein særs kraftig eksplosjon som fann stad nær elva Podkamennaja Tunguska i det som no er Krasnojarsk kraj i Russland, rundt 07:14.[1] (0:14 UTC, 7:02 lokal soltid[2]) den 30. juni 1908 (17. juni etter den julianske kalenderen, som var i bruk lokalt på den tid).[2]
Sjølv om årsaka til eksplosjonen er omdiskutert, så var han mest truleg årsaka av eit stort meteoroide- eller komet-fragment som eksploderte i ei høgd på 5–10 km over bakken. Forskjellige studium har gjeve forskjellige estimat på storleiken på objektet, men den alminnelege oppfatninga er at det var nokre titals meter i diameter.[3]
Sjølv om objektet eksploderte i lufta og ikkje trefte jordoverflata, så vert hendinga likevel rekna som eit nedslag. Estimat for sprengkrafta i eksplosjonen varierer frå 5 megatonn[4] til så mykje som 30 megatonn[5] TNT med 10–15 megatonn som det mest trulege[5] - noko som omtrent tilsvarar den amerikanske Castle Bravo-prøvesprengninga i februar 1954, rundt 1000 gonger kraftigare enn Hiroshima-bomba, og rundt ein tredjedel av krafta til Tsar-bomba, den største atombomba som nokon gong er detonert.[6] Ein eksplosjon av denne storleiken er i stand til å øydeleggje ein stor by.[7] Eksplosjonen velta om lag 80 millionar tre over eit område på 2150 km². Det er rekna ut at jordskjelvet frå eksplosjonen ville ha målt 5,0 på Richterskalaen.
Tunguskahendinga vert rekna som det største nedslaget på land i nyare historie,[8] sjølv om tilsvarande store nedslag i fjerne havområde ikkje ville vorte registrert før global satellittovervaking vart etablert på 1960- og 1970-talet.