Turn! Turn! Turn! singel av The Byrds frå albumet Turn! Turn! Turn! | ||
B-side |
«She Don't Care About Time» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. oktober 1965 | |
Innspelt | September 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Pete Seeger | |
Tekstforfattar | Pete Seeger, DP, Fondo Nacional de las Artes | |
Låtskrivar(ar) | Forkynnaren, Pete Seeger | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Byrds-kronologi | ||
«All I Really Want to Do» (1965) |
Turn! Turn! Turn! | «Set You Free This Time» (1966)
|
«Turn! Turn! Turn! (to Everything There Is a Season)», ofte forkorta til «Turn! Turn! Turn!» er ein song som er henta frå Forkynnaren i Bibelen (med unntak av den siste linja) og sett til musikk av Pete Seeger i 1959. Seeger venta til 1962 før han spelte inn si eiga utgåve av songen, og gav han ut på The Bitter and the Sweet på Columbia Records.[1] 45% av alle honorara for songen er donerte til Israeli Committee Against House Demolitions, fordi som Seeger sa: «(i tillegg til musikken) skreiv eg seks ord».[2] Songen vart ein internasjonal hit seint i 1965 då han vart spelt inn av The Byrds. Deira utgåve nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.