Turn It On Again: The Hits greatest av Genesis | ||
Utgjeve | 26. oktober 1999[1] | |
Innspelt | 1973–1999 (Original), 1970–1999 (Tour Edition) | |
Sjanger | Progressiv rock, poprock | |
Lengd | 78:56 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford, David Hentschel, Hugh Padgham, Nick Davis, Peter Gabriel, Steve Hackett, John Burns, Trevor Horn[2] | |
Genesis-kronologi | ||
---|---|---|
Genesis Archive 1967–75 (1998) |
Turn It On Again: The Hits | Genesis Archive 2: 1976–1992 (2000)
|
Turn It On Again: The Hits er eit samlealbum av det britiske bandet Genesis. Albumet vart først gjeve ut som eit enkelt album den 26. oktober 1999 av Virgin Records i England og av Atlantic Records i USA.
I 2007 vart ei dobbelplateutgåve kalla The Tour Edition gjeve ut for å marknadsføre Turn It on Again-turneen. Alle songane utanom «The Carpet Crawlers 1999» vart miksa på nytt av Nick Davis. I tillegg inneheld albumet fleire songar frå alle albuma i katalogen til bandet (utanom From Genesis to Revelation). I tillegg til dobbel-CDen vart det gjeve ut ein versjon med to CDar og to DVDar, som inkluderte DVDane The Video Show og When in Rome.
Sjølv om dei fleste songane er frå Phil Collins-tida i bandet (1976–1992), strekkjer samlinga seg attende til «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» frå Selling England by the Pound i 1973, den einaste songen frå Peter Gabriel-åra. Ei nyinnspeling av «The Carpet Crawlers» med Gabriel, Collins og Steve Hackett som vart spelt inn i 1999, er derimot òg med på albumet.
Då det kom ut nådde det fjerdeplassen på den britiske albumlista og 65. plass i USA, der ho selde til gullplate.
Den doble utgåva frå 2007 vart òg populær og nådde 5. plass på den britiske albumlista.
Dei sju bokstavane i Genesis-logoen på omslaget er henta frå forskjellige plateomslmag opp gjennom åra. Desse er: