Turua | |||
busetnad | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Folketal | 384 (6. mars 2018)[1] | ||
Turua 37°14′31″S 175°34′05″E / 37.241944444444°S 175.56805555556°E |
Turua er ein liten busetnad ved breidda av Waihou-elva i Hauraki Plains på Nordøya på New Zealand. Han ligg nær munninigen av elva, 9 km sør for bukta Firth of Thames og 12 km sør for byen Thames. Staden har vegsamband via Hauraki Road til SH 2 i nord og SH 2 i sør.
Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
2006 | 381 | — |
2013 | 378 | −0,8 % |
2018 | 381 | +0,8 % |
Ved folketeljinga i 2018 hadde Turua 381 innbyggjarar. Registrerte folkegrupper var 87,4 % europear/pākehā, 19,7 % [maori, 1,6 % stillehavsfolk, 3,1 % asiatar og 1,6 % anna. Ein kunne oppgje meir enn ei folkegruppe.
Turua er eit maoristadnamn som tyder ‘sett to gonger’, og viser til refleksjonar i elva. Før den europeiske busetnaden var byen ein maori-pā omringa av store skogar av kahikatea. På slutten av 1800-talet blei Turua eit av dei viktigaste områda for utnytting av treslaget på New Zealand då familien til George og Martha Bagnall kjøpte Turua sagbruk i 1875. Dei neste førti åra blei kahikatea-lundane rundt byen erstatta av små familiegardsbruk.[3]