Twilight Zone av Golden Earring Singel av Golden Earring frå albumet Cut | ||
B-side |
King Dark | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1982 (USA) 10. juli 1982 (internasjonalt) | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Rock, new wave, hardrock | |
Lengd | 7:58 (album) 4:49 (singel) | |
Selskap | 21/Polygram | |
Låtskrivar(ar) | George Kooymans | |
Produsent | Schell Schellekens |
«Twilight Zone» er ein song frå 1982 av det nederlandske bandet Golden Earring. Han vart skriven av gitaristen i bandet, George Kooymans, som vart inspirert etter å ha lese ei bok av Robert Ludlum, The Bourne Identity. «Twilight Zone» kom ut i 1982 på albumet deira Cut og hyllar fjernsynsserien frå 60-talet The Twilight Zone. Han låg meir enn eit halvt år (27 veker) inne på den amerikanske poplista og vart den einaste songen deira som nådde topp 10 på den amerikanske Billboard Hot 100 (songen nådde 16. plassen på Cashbox-lista) og gjekk til topps på Billboard Top Album Tracks, den einaste førsteplassen deira i Amerika.[1]
Dei talte linjene i starten av songen og korvokalen på refrenget vert utført av Barry Hay. Hay syng òg solo på andre halvdel av versa. Kooymans syng solo på førte halvdel av versa og refrenget.
Musikkvideoen vart regissert av Dick Maas og syner songaren Barry Hay som spion.