Bundesrepublik Deutschland
(norsk: Tyskland, tysk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Das Lied der Deutschen» | ||||||
Motto | Einigkeit und Recht und Freiheit | ||||||
Offisielle språk | Tysk | ||||||
Hovudstad | Berlin | ||||||
Styresett |
Parlamentarisk republikk Frank-Walter Steinmeier Olaf Scholz | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
357 022 km² (62.) 2,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
80 594 017 (17.) 225,7 /km² (38.) | ||||||
Sjølvstende |
1871, 1949, 1990 | ||||||
Nasjonaldag | 3. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
3 842 000 mill. USD (5.) 48 000 USD (21.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +49 | ||||||
Toppnivådomene | .de
|
Forbundsrepublikken Tyskland eller berre Tyskland (tysk: Bundesrepublik Deutschland eller Deutschland) er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.
Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8. Etter USA er Tyskland det nest mest populære migrasjonsmålet i verda.[1]