Tysnes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Uggdal | ||
Areal | 255,12 km² | ||
• land | 245,21 km² | ||
• vatn | 9,91 km² | ||
Folketal | 2 986 (1. januar 2025) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Kåre Martin Kleppe (H) | ||
Kommunenr. | 4616 | ||
![]() Tysnes 59°59′54″N 5°34′38″E / 59.998333333333°N 5.5772222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Tysnes | |||
Nettstad: www.tysnes.kommune.no |
Tysnes er ein kommune i Vestland fylke, i Sunnhordland. Mestedelen av kommunen ligg på øya Tysnesøy, men i tillegg kjem øyane Reksteren og Skorpo og fleire andre mindre øyar.
Tysnes vart eigen kommune i 1838.
Avisa Tysnes er lokalavis.
Høgaste fjellet på Tysnes er Tysnessåto (753 moh.)
Tysnes har ferjesamband sør- og vestover frå Hodnanes til Jektevik og Huglo i Stord kommune. Nordover går det ferje frå Våge til Halhjem i Bjørnafjorden kommune. Lukksund bru knyter kommunen til fastlandet.
Her er nærare 1400 feriehus, og i høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.
Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde med toppar opp i over 750 meters høgd.
Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.
Tysnes kommune har ikkje godkjent kommunevåpen, men kommunen har nytta merket to krosslagde økser med sparre over frå midt i syttiåra.
I mellomalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.
Tysnes-meteoritten, den nest største meteoritten som er funnen i Noreg, fall ned over Tysnesøy.