USA Today

USA Today

Hovudkvarteret til USA Today i Tysons Corner i Virginia.
LandUSA[1]
TypeDagsavis
Grunnlagd15. september 1982
Pris0,75 US-dollar
EigararGannett
Grunnlegger(ar)Al Neuharth
Redaktør(ar)David Callaway
Sjefredaktør(er)Nicole Carroll
SpråkEngelsk
Politisk posisjonSentrum-venstre,[2] sentrisme
Opplag726 906, 504 000 (20. februar 2019)
HovudkvarterTysons
ISSN2165-1779, 0734-7456
Nettstadhttps://www.usatoday.com/ (engelsk)

USA Today er ei amerikansk dagsavis skipa i 1982 av Allen Neuharth. Ho er ei av dei største nasjonale avisene i USA, og har vore den med dei største opplagstala. Eigaren og utgjevaren av avisa er Gannett Company.

Første utgåva av USA Today kom ut den 15. september 1982.[3] Avisa har hovudkvarter i Tysons Corner i Virginia.[4]

Avisa blir seld i alle 50 statane i USA og i District of Columbia, Guam, Puerto Rico, Canada og Storbritannia. Avisa kostar 2 dollar, og er tilgjengeleg gratis på Internett.

USA Today hadde eit opplag på 1 674 306 i 2013, noko som gjorde henne til den største papiravisa i USA. Når også digitale abonnement er telde med er ho den tredje største avisa i landet, etter The Wall Street Journal og The New York Times.[5]

  1. http://www.usnpl.com/addr/aaddressresult.php?id=3207.
  2. https://mediabiasfactcheck.com/washington-post/.
  3. «USA Today: Press Room : Press Kit». Henta 26. mai 2012. 
  4. «Tysons Corner CDP, Virginia». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 10. november 2011. Henta 7. mai 2009. 
  5. «Top 25 U.S. Newspapers for March 2013 | Alliance for Audited Media». auditedmedia.com. Arkivert frå originalen 11. juni 2013. Henta 21. oktober 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne