Ukraina i Eurovision Song Contest

Ukraina

Offisielt Ukraina

UA:PBC/Suspilne (2017–) med
STB (2016, 2018–)
NTU (2003–2016)
Uttakingar
Nasjonalt 14
Internt 4
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 18
Beste resultat
Semifinalen 1 (2008 og 2022)
Finalen 1 (2004, 2016 og 2022)
Verste resultat
Semifinalen 8 (2012)
Finalen 24 (2017)
Poeng
Semifinalane 2 184
Finalane 2 992
Totalt 5 176

Ukraina debuterte i Eurovision Song Contest i 2003 og har delteke 16 gongar. Trass i få deltakingar har Ukraina vunne tevlinga tre gongar, i 2004, i 2016 og i 2022. Det dårlegaste resultatet til Ukraina i Eurovision Song Contest kom på heimebane i 2017, då det ukrainske bidraget vart nummer 24 av 26. Sidan innføringa av semifinalar i 2004 har Ukraina kvalifisert seg til finalen på samtlege forsøk, det einaste landet som har klart dette. Med to sigrar, to andreplassar og ein tredjeplass er også Ukraina eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest etter tusensårskiftet.[1] Ukraina har trekt seg frå Eurovision Song Contest ved to høve: i 2015 og i 2019.[2]

  1. «Ukraine – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  2. Evert Groot (27. februar 2019). «Ukraine withdraws from Eurovision 2019». eurovision.tv. EBU. Henta 27. februar 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne