Ukulele | |||
| |||
Klassifisering | Q57306162 | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322-5 |
Ukulele er eit strengeinstrument i luttfamilien. Det har vanlegvis fire nylonstrengar,[1][2][3] stemt i dei same intervalla som dei fire lysaste strengen på ein vanleg gitar, berre den mørkaste ein oktav lysare. Vanleg stemming for ein ukulele er G-C-E-A. Instrumentet stammar frå Hawaii, der det vart utvikla på 1880-talet, med påverknad frå instrument frå Brasil og Portugal. Ukulelen ser ut som ein gitar, og det som i hovudsak skil det frå ein gitar er storleiken og talet strengar.
Instrumentet oppstod på 1800-talet på Hawaii som ei tilpassing av det portugisiske machete (cavaquinho),[4] eit lite gitaraktig instrument som vart innført til Hawaii av portugisiske innvandrarar, hovudsakleg frå Madeira og Azorane. På 1900-talet vart det særs populært i resten av USA, og deretter spreidde det seg utover i verda.