Ulstein Verft AS

Ulstein Verft AS

BransjeSkipsbygging
Skipa1917
LandNoreg
Ulstein Verft i Ulsteinvik
Eit offshorekonstruksjonsskip under utdokking frå dokkhallen ved Ulstein Verft

Ulstein Verft AS er eit norsk, familieeigd verft i Ulstein Group. Verftet ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, eit sentralt område for den maritime klynga på Møre.

Verftet er Ulstein Group sin kompetanse- og utviklingsbase for konstruksjon, samanstilling, utrusting og integrasjon av system og utstyr i skip.

Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinaste åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje, i tillegg til fartøy innan offshore olje og gass. Hovudsatsinga er nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg service- og ettermarknadsoppdrag som dokkingar, klassing, vedlikehald, reparasjonar, oppgraderingar, sliping, maling, kran- og løftearbeid og ei avdeling i verftet tek også på seg lektertransport og kranløftoppdrag langs kysten.To av dei seinaste leveransane frå verftet er kabelleggingsskipet Nexans Aurora (2021) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution (2021).

Med ei teknisk avdeling er ingeniørtenester innan engineering og prosjektering sentrale oppgåver.

Dei stålintensive delane av skroga er sett bort til samarbeidsverft.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne