Ulvik herad

Ulvik herad
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Ulvik
Areal 722,01 km²
 •  land 665,01 km²
 •  vatn 57 km²
Folketal 1 100  (1. januar 2025)
Målform nynorsk
Ordførar Jens Olav Holven (Sp)
Kommunenr. 4620
Kart
Ulvik herad
60°37′16″N 7°04′49″E / 60.621111111111°N 7.0802777777778°E / 60.621111111111; 7.0802777777778
Kart som viser Ulvik herad.
Kart som viser Ulvik herad.
Kart som viser Ulvik herad.
Wikimedia Commons: Ulvik
Nettstad: www.ulvik.kommune.no

Ulvik herad ligg i Hardanger i Vestland fylke. Administrasjonssenteret er tettstaden Ulvik. Ulvik er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Viktige næringsvegar er jordbruk, med hovudvekt på frukt- og bærdyrking og saue- og storfehald, og turisme.

Heradet grensar i sør til Eidfjord, i sørvest til Ullensvang, i vest til Voss, i nord til Aurland i Sogn og Fjordane og i aust til Hol i Buskerud.

Ulvikfjorden

Ulvik er eit fjord- og fjellherad. Det meste av busetnaden ligg ved Ulvikfjorden og Osafjorden, to sidearmar til Hardangerfjorden. Nordvestre delen av Hardangervidda, med mellom anna Finse, ligg i heradet.

Tidlegare gjekk det ferje frå Bruravik i Ulvik herad til Brimnes i Eidfjord kommune. Dette ferjesambandet vart lagd ned i 2013 då Hardangerbrua opna. Bergensbanen går gjennom kommunen i nord, med stopp på Finse.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne