Undredal stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Undredal | ||
Fellesråd | Aurland | ||
Stad | Undredal | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | slutten av 1100-talet | ||
• Vigd til | St. Nikolas | ||
• Endringar | utvida mot vest, 1722. | ||
Preikestol | 1696 | ||
Døypefont | 1680 | ||
Sitjeplassar | 40 | ||
![]() Undredal stavkyrkje 60°57′03″N 7°06′08″E / 60.950882°N 7.1023425°E | |||
Wikimedia Commons: Undredal stavkirke |
Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland kommune i Vestland. Kyrkja vert ut frå stilhistorie og annan kunnskap datert til slutten av 1100-talet.[1]
Ho er den minste kyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk, med berre 40 sitjeplassar. Skipet er knapt sju meter langt utvendig, kor og våpenhus kjem i tillegg med 4 og 2 meter.
Det er spor etter svalgang rundt kyrkjeskipet. Skipet er forlenga mot vest med klokketårn og eit våpenhus med saltak. Kyrkjekoret er nyare og i same breidd som skipet.
Inne i kyrkja heng den første kyrkjeklokka frå mellomalderen, men kyrkjeklokka er teken ut av bruk. I klokketårnet er det to nye klokker datert 1884 og 1996.
Veggane har den originale dekoren i limfarge frå 1600-talet, og i taket er det måla bibelfigurar og englar.
Inne i kyrkja er det mellom anna ein kneleskammel frå 1647, døypefat frå kring 1680, preikestol med datering 1696 og to lysestakar med skjold datert 1702.
Vestenden er i tømmer (laft) - tårnet var opphavleg ein frittståande stopul som vart bygd i hop med skipet etter reformasjonen.[2]