Union av Yes Studioalbum av Yes med ABWH | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. april 1991 | |
Innspelt | 1989–1991 | |
Studio | Forskjellige stader
| |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 59:50 (LP) 65:23 (internasjonal CD) 69:52 (Europa, Japan) | |
Selskap | Arista | |
Produsent | ||
Yes med ABWH-kronologi | ||
---|---|---|
Big Generator (1987) |
Union av Yes | Yesyears (1991)
|
Singlar frå Union | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Union er det trettande studioalbumet frå progressiv rock-banda Yes, utgjeve i april 1991. Intensjonen var ei samanslåing av Yes-delen med Chris Squire, Trevor Rabin, Tony Kaye og Alan White med Yes-delen som bestod av Jon Anderson, Bill Bruford, Rick Wakeman og Steve Howe som spelte saman som Anderson Bruford Wakeman Howe (ABWH). Dette skulle vise seg å bli vanskeleg, og det ber albumet preg av. Det var umogleg å samle alle medlemmane i same studio på same tid, og difor vart albumet spelt inn med «klippe og lime»-metoden. Yes-medlemmane leverte inn bidraga sine per post, og produsent Jonathan Elias fekk så hovudoppgåva å setje dette saman. Han henta òg inn ein heil del med studiomusikerar for å ferdigstille albumet.
Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på sjuandeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.[3]