Unusual Heat

Unusual Heat
Studioalbum av Foreigner
Språk engelsk
Utgjeve 14. juni 1991
Innspelt 1990
Studio
Sjanger
Lengd 51:30
Selskap Atlantic
Produsent
Foreigner-kronologi 
Inside Information
(1987)
Unusual Heat The Very Best ... and Beyond
(1992)


Singlar frå Unusual Heat
  1. «Lowdown and Dirty»
    Utgjeve: 1991
  2. «I'll Fight for You»
    Utgjeve: 1991
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Entertainment WeeklyD[2]
Rolling Stone2.5/5 stars[3]

Unusual Heat er det sjuande studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 14. juni 1991 på Atlantic Records.[4] Det vart spelt inn i fleire studio i New York og Englnad og produsert av Terry Thomas og Mick Jones. Det er det einaste albumet deira med songaren Johnny Edwards. Han erstatta den originale songaren Lou Gramm etter at Gramm slutta i bandet i 1990. Unusual Heat var det siste albumet deira med bassisten Rick Wills, som kom inn i bandet i 1979, og trommeslagaren Dennis Elliott, som hadde vore med å skipe bandet.

Unusual Heat vart kommersielt mislukka og nådde berre 117. plassen på Billboard 200-lista[5] – ein brå nedgang i salstal samanlikna med alle tidlegare album dei gav ut, som alle nådde topp 20 og selde minst til platinaplate for ein million selde eksemplar. Ingen av dei to singlane frå albumet gjekk inn på Billboard Hot 100, men, «Lowdown and Dirty» nådde fjerdeplassen på Mainstream Rock-lista.[6]

  1. Viglione, Joe. Unusual HeatAllmusic. Henta 21. mai 2020.
  2. Browne, David (12. juli 1991). «Unusual Heat». Henta 27. november 2019. 
  3. Evans, Paul (2004). «Foreigner». The New Rolling Stone Album Guide (Completely Revised and Updated 4th utg.). New York: Fireside. s. 307. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Giles, Jeff; Wardlaw, Matt (14. juni 2016). «25 Years Ago: Foreigner Start Over with 'Unusual Heat'». Ultimate Classic Rock. Henta 21. mai 2020. 
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet US Billboard 200
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet LAD, BMR

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne