Urban kultur

'Parisisk aveny' av Jean Béraud, måla på 1800-talet.
«Kimono, Urban life, Finland». Fotografi frå 2010 av Karin Beate Nøsterud.

Urban kultur eller bykultur viser til oppførsel, levemåtar og kultur knytt til livet i byar frå ulike delar av verda og historia.

Med ei snever tyding av ordet «kultur» kan omgrepet femna om ulike kulturuttrykk som på ulike vis har oppstått i, går føre seg i eller på anna vis er knytte til byen. Større hendingar, som marknader, festivalar, høgtider og større offisielle seremoniar, har vore knytt til byar sidan oldtid og mellomalder. Store slott og sakralbygg kan vera sentrale og ved nokre høve tena som utgangspunkt for ein by.[1] Særskilde byggje- og landskapsformer har også oppstått i byar, frå tettbygde som slumområde, bygardar og skyskraparar til opne byrom som avenyar, plassar og offentlege parkar. I moderne tid oppstod nye stader for handel og kultur i byar, som kaféar, kjøpesenter, teater, museum og salongar for kunst og konversasjon.[2] Byar har vore ein særskild inspirasjon for visse sjangrar som flaneri, flanørromanar, hardkokt krim,[3] film noir[4] og hip-hop.[5]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Utgangspunkt
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Moderne
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Krim
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Noir
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Hip

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne