Urgent Singel av Foreigner frå albumet 4 | ||
B-side |
Girl on the Moon | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. juni 1981 | |
Innspelt | Tidleg 1981 | |
Sjanger | Hardrock • poprock | |
Lengd | 3:57 (singel) 4:29 (album) | |
Selskap | Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | Mick Jones | |
Produsent | Robert John «Mutt» Lange, Mick Jones | |
Foreigner-kronologi | ||
«I'll Get Even With You» (1980) |
Urgent | «Waiting for a Girl Like You» (1981)
|
«Urgent» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, og den første singelen frå hitalbumet deira 4 frå 1981.
Songen gjekk inn på den amerikanske singellista og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100, der han låg heile september 1981.[1] «Urgent» gjekk til topps på Billboard Hot Mainstream Rock-lista og låg der i fire veker.[2]
Songen vart den nest bestseljande singelen til Foreigner (etter «I Want to Know What Love Is») i både Canada og Sverige, og nådde toppen av lista i 1981 i Canada og 20. plassen i Sverige i mars 1982.[3] I Australia nådde «Urgent» 24. plassen i august 1981. I Storbritannia nådde songen berre 54. plassen då han først kom ut i 1981, men etter at «Waiting for a Girl Like You» gjekk høgt på lista der i 1982, vart singelen gjeven ut på ny og denne gongen nådde han 45. plassen.[4]