Ushuaia | |
---|---|
![]() | |
Motto «Ushuaia, fin del mundo, principio de todo Ushuaia, verdas ende, byrjinga på alt» | |
Styresmakter | |
Land Provins Øy |
Argentina Tierra del Fuego Storøya |
Grunnlagd | 12. oktober 1884 |
Borgarmeister | Federico Sciurano |
Geografi | |
Flatevidd | 23 km² |
Innbyggjarar - By (2010) |
56 956 |
Koordinatar | 54°48′S 68°18′W / 54.800°S 68.300°W |
Høgd over havet | 5 m |
Tidssone | -3 (UTC-3) |
Diverse anna | |
Postnummer | V 9410 |
Telefon-retningsnummer | +54 2901 |
Heimeside: http://www.ushuaia.gob.ar |
Ushuaia er ein by heilt sør i Argentina, på Storøya i Eldlandet, og er hovudstad i den argentinske provinsen Eldlandet. Byen hadde om lag 57 000 innbyggjarar i 2010, og er den viktigaste busetnaden på Eldlandet ved sida av Rio Grande. Ushuaia blir sett på som den sørlegaste byen i verda. Puerto Williams i Chile ligg faktisk lenger sør, men sidan denne berre har 2 000 innbyggjarar, kan det diskuterast om Puerto Williams er ein by eller ikkje.