Utviklingsland, stundom forkorta til u-land, er ei nemning for land som ikkje har gjennomgått ei vidfemnande industrialisering. Dei har gjerne svak økonomi og fleire andre utfordringar som hindra økonomisk velstand og velferd blant innbyggjarane, slik at fattigdom er utbreidd. Motsvaret til utviklingsland er industriland eller i-land. Omgrepet har ingen eintydig definisjon, og blir rekna som upresist og ikkje særleg nyttig med omsyn til utviklingspolitikk og bistand.[1]
Kva som gjer eit land til utviklingsland kan ha fleire faktorar, men det finst ein rekkje mål for velstanden til eit land, til dømes å måle eit lands bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar, som reknast som summen av innanlandsk forbruk og investeringar pluss nettoeksport (= eksport minus import). Veikskapen med dette er at det dekkjer over store inntektsskilnader.
Eit anna og meir omfattande mål er Dei sameinte nasjonane (SN) sin «Indeks for menneskeleg utvikling» - Human Development Index (HDI) som byggjer på gjennomsnittleg levetid, BNP, utdanningsnivå og andre faktorar.
Om lag tre fjerdedelar av jorda si befolkning lever i utviklingsland. I dei fleste av desse landa er det låg levestandard. Generelt sett har mange utviklingsland problem med befolkningsnaud, hungersnaud, befolkningsoverskot, lågt utdanningsnivå og djup fattigdom, men omgrepet utviklingsland understrekar at trass i store problem er det land med eit positivt utviklingspotensiale.
Nokre døme på u-land er Moldova i Europa, Etiopia i Afrika, Bolivia i Sør-Amerika, Honduras i Mellom-Amerika, Vanuatu i Oseania og Afghanistan i Asia.