VM i skiskyting 1977

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1977, den 15. i rekka, vart avvikla på Vingrom i Oppland i dagane frå 24. til 27. februar 1977. Meisterskapen omfatta to individuelle øvingar og ein stafett, alle for menn.

Meisterskapen var den siste der ein skaut med grovkalibergevær på blinkar 150 meter borte. Året etter nytta ein finkalibergevær, og avstand til blinkane var redusert til 50 meter.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne