VM i skiskyting 1985

Den andre verdsmeisterskapen i skiskyting for kvinner vart arrangert i Egg i Einsiedeln kommune i den sveitsiske kantonen Schwyz.

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1985 for menn, den 21. i rekka, fann stad i Ruhpolding i Vest-Tyskland frå 20. til 25. februar 1985, medan den andre verdsmeisterskapen i skiskyting for kvinner vart avvikla i perioden 12. til 17. februar 1985 i bygda Egg am Etzel i Sveits, samstundes med juniorverdsmeisterskapen i skiskyting. I begge seniormeisterskapane vart det tevla i to individuelle øvingar og ein stafett.

Utøvarar frå Sovjetunionen vann fire av dei seks tevlingane og tok i alt seks medaljar. Kaija Parve, som representerte Sovjetunionen, vann to gullmedaljar og ein bronse. Noreg vart nest beste land med ein gullmedalje og tre sølv.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne