VM i skiskyting 1987

Verdsmeisterskapen i skiskyting 1987 for menn, den 23. i rekka, fann stad i Lake Placid i USA frå 12.-15. februar 1987, medan verdsmeisterskapen i skiskyting 1987 for kvinner, den fjerde i rekka, vart avvikla frå 25. til 28. februar 1987 i Lahti i Finland. I begge meisterskapane vart det tevla i to individuelle øvingar og ein stafett.

Aust-Tyskland vann alle dei tevlingane i mennene sitt meisterkap og tok i alt fem medaljar, like mange medaljar fekk Sovjetunionen. Til saman åtte land vann ein eller fleire medaljar i ein eller begge meisterskapane. Austtyske Frank-Peter Roetsch var den suverene einaren med tre gullmedaljar av tre mogelege.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne